Møllepils 4.7% - 0.33l
Møllepils er vår «all rounder». Ølet du vel fordi det berre er tørstesløkkjande, balansert og matvennleg. Like godt til fotballkampen som til grillen i hagen, tenkjer vi. Her har vi vore litt konservative med ingrediensane. Fordi det er greitt å ha ei god forankring i tradisjonar.
Kvernkall Blonde 4.7% - 0.33l
Det kule med belgisk gjær er at den har mykje personlegdom. Ein personlegdom vi på Tøsse liker. Når vi lar den gjære på litt høgare temperatur, så set den smak på ølet med gode aromaer av banan, vassmelon og kvit pepar. Så no forstår du kvifor vår Blond er så utrykksfull.
Steinmalt IPA 4.7% - 0.33l
Det går då ikkje an å ikkje like humle?! På Tøsse elskar vi blomane frå denne slyngplanta. Dei bidreg med tonnevis av aromaer. Fruktige, florale, vegetale og parfyrmerte. I denne IPA’en har vi boltra oss med humle frå vårt rikhaldige humlelager: Cascade, Cashmere, Idaho 7 og Eldorado.
Møllefossen Weissbier 4.7% - 0.33l
Mange trur at tyskarar berre lagar lagerøl. Men slik er det ikkje. Mange variantar av ale kjem frå Tyskland. Weissbier er eit døme på god tysk ale. Kunsten med å lage god weissbier, eller kveiteøl, ligg i presis styring av gjæringstemperatur. Vi på Tøsse trur vi er flinke på slikt. Derfor er dette kveiteølet uttrykksfullt med avstemt fruktigheit og eit krydra preg. Prøv gjerne ølet til sjømat eller skaldyr.
Oster IPA 7% - 0.33l
Ein skikkeleg IPA krev balanse: God bitterheit, fyldig maltprofil og masse aroma frå gode humletypar. Det høyrest kanskje enkelt ut? Hjå oss på Tøsse dreiar alt seg om balanse. Galaxy, Idaho 7, El Dorado og Cashmere har fått lov til å prega denne IPAen.
Triør Imperial Pilsner 6.5% - 0.33l
Ein god pils er herleg. Men kva med å gjere den enda betre? Det er det vi har gjort her. Imperial Pilsner er trippel dekoksjonsmeska. Dette er ein omstendeleg prosess som «ingen gjer lenger», men som gjev den beste fyldigheita og smaken. Litt sterkare enn ein vanlig pils er den også. Og med litt ekstra humle for å sikre dei beste aromaene. Nyt den sakte. Med gode vener, eller dei du er glade i. Passar mellom anna til mellomlagra ostar, røykt fisk, fårikål, frikassé og lapskaus.